Søknadsfrist for 2024: 1. mars 2024
Beløp: Det er løyvd kr 51,24 mill. til ordninga for 2024. Frå denne løyvinga skal vi dele ut om lag kr 33 mill. til tiltak som har fått vedtak om tilskot for 2024 tidlegare år. Det er dermed kr 18,2 mill. til fordeling til nye søknader i 2024.
Me sender ut brev med vedtak for 2024 i månadsskiftet mai/juni.
Regelverk for tilskotsordninga
Tilskotsmidlane skal stimulere til heilskapleg førebyggjande arbeid og tidleg innsats i kommunane når det gjeld foreldrestøtte, og stimulere til auka samarbeid mellom velferdstenestene og med frivillig sektor. Ordninga skal vere inkluderande når det gjeld ulike samfunnsgrupper, inkludert foreldre med levekårsutfordringar.
Kommunane og bydelane i Oslo kan søkje om støtte til:
Frivillige organisasjonar som samarbeider med søkjarkommunen/-bydelen om gjennomføringa av det aktuelle tiltaket, kan få dekt utgiftene sine knytt til gjennomføringa gjennom tilskotsmidlane.
Tilskotsmidlane kan ikkje brukast til direkte økonomisk støtte i form av utbetalingar til enkeltpersonar eller enkeltfamiliar.
I saksbehandlinga kan direktoratet vektleggje tiltak som inneber å gi foreldre eit likeverdig tilbod med tanke på geografisk spreiing, sosiokulturell bakgrunn, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering m.v. korleis operasjonalisere dette i søknadsskjemaet?
Andre prioriteringar er:
For tilskotsåret 2024 blir prioritert søknader om støtte til tiltak der det frivillige er involvert.
Målet med tilskotsordninga er å styrkje foreldre i foreldrerolla, og dermed bidra til at foreldra blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt.
Målgruppa for tiltaka er foreldre med barn i alderen 0-18 år.
Søk om tilskot ved å fylle ut elektronisk søknadsskjema i Bufdirs søknadsportal.
Krav til innhald i søknaden står i søknadsskjemaet.
Les godt gjennom heile søknadsskjemaet før de startar utfyllinga av søknaden. Ta kontakt med oss dersom det er noko de ikkje forstår.
Svar på det vi spør om, og vêr så konkret som mogleg. Ofte er det betre å gi kortfatta og presise svar beskrivingar enn lange, utbroderande beskrivingar.
Set opp eit realistisk budsjett for tiltaket. Skaff dykk først god oversikt over kor mykje det faktisk vil koste å gjennomføre tiltaket, deretter kor mykje av kostnadene de dekkjer med eigne økonomiske midlar eller andre inntekter. Finansieringsbehovet som står igjen etter dette vil dermed utgjere søknadssummen til Bufdir.
Det er positivt dersom de bidreg med eigenfinansiering. I denne samanhengen betyr eigenfinansiering økonomiske midlar som de bidreg med tiltaket, eller at de dekkjer kostnader til administrasjon, husleige, lønn til tilsette som jobbar med tiltaket e.l.. Deltakaravgift, sponsormidlar, øyremerkte prosjekttilskot frå andre og liknande blir ikkje rekna som eigenfinansiering.
Vi startar saksbehandlinga når søknadsfristen har gått ut. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for rettingar og eittersendingar. Det er ikkje alltid vi gjer det.
Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga rundt to månader etter at søknadsfristen har gått ut. Vi vil då sende ut melding om tilskot eller avslag.
Dersom de får tilskot, vil dette bli utbetalt inntil tre veker etter at saksbehandlinga er ferdigstilt. Dette vil likevel kunne variere noko.
Frå 2023 er det ikkje klagemoglegheit i denne tilskotsordninga.
Alle kommunar som har fått tilskot, skal sende inn rapport på tiltaka sine, også ved fleirårige tiltak.
Rapporteringsfrist for 2023: Den ordinære fristen for fremdrifts- og sluttrapportering er 1. mars 2024. Viss de har søkt om og fått godkjent utsetjing av fristen, skal de ta omsyn til datoen vi har godkjent.
De skal rapportere på korleis de har brukt tilskotet, og på kva måte og i kva grad måla de oppgav i søknaden har blitt oppfylte.
Dersom det gjeld fleirårige tiltak, sender de inn framdriftsrapport undervegs og ein meir omfattande sluttrapport når tiltaket er ferdig. Ved eittårig tiltak sender de berre inn sluttrapport.
Saman med rapporten skal de sende inn rekneskap. Dette gjeld òg ved framdriftsrapportering.
Rekneskapen blir revidert av kommunerevisjonen. Ved tilskot gitt over fleire år er det berre nødvendig med revisorattestert rekneskap når de skal sende inn sluttrapport. Revisor må då revidere rekneskapen for heile prosjektperioden.
Viss det er ein frivillig organisasjon som driftar tiltaket, er det likevel kommunen som skal sende inn rapport.
De skal ta omsyn til det regelverket som gjaldt det året søknaden deira blei innvilga:
Rapporten skal leverast via Bufdirs søknadsportal.
Den som står oppført som søknadsansvarleg på saka i portalen, får beskjed på e-post når rapporteringsoppgåva er tilgjengeleg og kan fyllast ut.
Viss de må endre tiltaket undervegs, er det viktig at de tek kontakt med oss så snart som mogleg. Vi vil normalt berre godkjenne endringar som held seg rimeleg innanfor rammene av den opphavlege søknaden. Det kan vere at de òg må leggje ved eit nytt budsjett.
Tilskot skal normalt sett nyttast innan utgangen av tilskotsperioden, som er 31. desember i det siste året de er innvilga tilskot for. Viss de ønskjer å forlengje tilskotsperioden, må de sende inn ein eigen søknad om utsetjing innan 1. desember i det siste tilskotsåret.
Viss de ikkje får gjennomført tiltaket de har fått tilskot til, må de så snart som mogleg gi beskjed til oss om det. De må då betale tilbake tilskotet til oss.
Viss de ikkje får gjennomført tiltaket de har fått tilskot til, må tilskotet betalast tilbake til oss. Viss de ikkje har brukt opp midlane de har fått, er det sannsynleg at de må betale tilbake det som er unytta til oss.
Det er òg mogleg at vi vil krevje tilbakebetaling av tilskotet dersom tiltaket ikkje er gjennomført i tråd med den opphavlege søknaden og/eller dersom rekneskapen viser vesentlege avvik frå budsjettet i søknaden.
Dersom de må endre på tiltaket, ikkje får gjennomført tiltaket eller må betale tilbake midlar vil det ikkje påverke moglegheita til å søkje om tilskot i framtida. Unntaket er viss de har gjort noko som gjer at de blir utestengde frå ordninga i eitt eller fleire år.
Søkjarar som ikkje har sendt inn rapport og rekneskap for tidlegare tilskot, vil normalt ikkje få nye tilskot før rapport og rekneskap er sendt inn og godkjende, eller tilskotet er betalt tilbake. Dette kan i enkelte tilfelle òg gjelde søkjarar som har fått forlengt rapporteringsfrist. Tilskotsmottakarar som har fått vedtak om å betale tilbake tilskot, og ikkje har gjort det, vil ikkje få nye tilskot.
Ellen Gjeruldsen
E-post: ellen.gjeruldsen@bufdir.no
Telefon: 466 17 922
E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580